Målrock 2021

Arrangementsinformasjon

Velkommen til Målrock 2021!

På tross av restriksjonar knytt til covid-19 blir det likevel festival der Sognefjorden går på land i august 2021!

Festivalen vert arrangert iht gjeldande smittevernreglar, og planlagt i tett samarbeid med kommuneoverlege og Årdal kommune! Alle skal føle seg trygge på Målrock! Noverande reglement gjer at festivalområdet er delt i 2 kohortar (FJORD og FJELL), så det er viktig at du kjøper billett i samme kohort som dei du ynskjer å vere på festival med. Med omsyn til registrering og krav til smittevern vert det ikkje lagt ut dagsbilletter - berre festivalpass. Målrock tilbyr refusjon om smittesituasjonen skulle endre seg, og får konsekvensar for årets festival. Meir informasjon knytt til smittevern og tiltak vil kome nærare festivalen, då dette avheng av tiltaksnivået når vi nærmar oss. Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med oss. Alle som hadde kjøpt festivalpass til 2020-festivalen har gyldig festivalpass i 2021. Desse blir kontakta direkte.

Vi oppmodar og ynskjer at alle som har høve til det, lastar ned appen "Smittestopp" frå FHI i forkant av arrangementet og aktiverer denne. Det vil bli krav om gyldig koronapass for å komme inn på festivalen, og vi kjem til å leggje til rette for gratis hurtigtesting som gir grønt lys i koronapasset. Som ansvarlig arrangør må vi vite kven som er på Målrock. Derfor må du som billettkjøpar registrere namn, mobilnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøper billettar til fleire enn deg sjølv, må du sjølv ha oversikt over kven du kjøpte billettar til.

Vi gler oss masse til å ynskje velkomen til årets Målrock!

Billettsalet startar fredag 25 juni kl 10:00.

malrock
festival
sogn
ardal
ardalstangen
jotunheimen
musikk
rock
pop
vestland
naturopplevelser

Restriksjoner

Ingen aldersgrense.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert i utgangspunktet ikkje refundert. Dersom arrangementet blir avlyst på grunn av restriksjonar knytt til covid-19 vert billettar refundert.